Dine lokale hjelparar!

Me ynskjer å foredla dei gode ideane, bidra til utvikling og skapa vekst.

Næringshagen i Hardanger er din utviklingspartner. Me hjelper di bedrift med å oppnå auka lønsemd, utvikling eller innovasjon. Enten du er fersk gründer med ein god idé, ein del av ei etablert bedrift som er klar for å ta eit steg vidare, eller planlegg eit prosjekt, har me dei rette verktøya. Med våre kunnskapsrike og engasjerte tilsette er me klare til å hjelpa.

Sigmund Vereide

Dagleg leiar

Mobil: 900 70 848
sigmund@hardangerhagen.no

Sigmund har hovudfag i geografi og cand.mag i biologi. Han har med sin praktiske og teoretiske bakgrunn eit vidt spekter av kunnskap. Han har jobba svært allsidig og har blant anna vore innom redningsmann på Sea King, miljøvernleiing, bank, eigedom og næringsutvikling. Som dagleg leiar er han ansvarleg for drifta, men han er i tillegg både forretningsutviklar og prosjektleiar for å få i gang nye verksemder eller utvikla organisasjonar til eit nytt nivå. Han er opptatt av lokalt samarbeid og elskar å få folk til å skjøna at ein kan få god effekt av å samarbeida.

Sigmund er frå Sandane, og bør kunna kallast utadvent. Det vil du skjøne.

Kjersti Bjørke

Senior forretningsutviklar

Mobil: 413 39 579
kjersti@hardangerhagen.no

Kjersti har utdanning innan økonomi og administrasjon med mastergrad i innovasjon og endringsleiing. Ho har lang yrkeserfaring frå blant anna reiseliv og drift/leiing av familiehotell, som gründer i Sverige, som bedriftsrådgjevar på Vestlandet i mange år og ho har vore administrasjonssjef og del av leiargruppa ved ITA, Universitetet i Bergen med 120-160 tilsette. Styrekompetansen er sterk, så ho har vore profesjonell styreleiar i fleire verksemder. Tung kompetanse på strategi, organisasjon- & leiarutvikling, i tillegg til prosjektleiing.  Som forretningsutviklar kan ho hjelpa både nye og etablerte med sin gode struktur og allsidige bakgrunn. Ho er svært oppteken av folk, og jobbar mykje med å få utvikla kompetanse slik at ein kan lukkast endå betre.  

Kjersti er frå Os, men har sterke gen frå Øystese.

Marita Gjerde

Kompetanseutviklar

Mobil: 918 17 440
marita@hardangerhagen.no

Marita har utdanning innan grafisk design. Ho har jobba innan administrasjon, yrkesveileiing, kurs og kompetanse i mange år. Som kompetanseutviklar er ho ansvarleg for kursoppsetting og mykje av informasjonen utad for å få med folk til dei ulike arrangementa. I tillegg ordnar ho mykje praktisk, og held godt styr på at dei andre rundt ho får gjort jobbane sine.  

Marita er limet i organisasjonen som ordnar opp rundt dei andre.

Frode Sandven

Forretningsutviklar

Mobil: 994 19 578
frode@hardangerhagen.no

Frode har utdanning innan leiiing og administrasjon med ei grunnutdanning frå Krigskulen, og mastergrad innan strategisk leiing og økonomi frå Universitet i Tromsø. Han har mange års erfaring som leiar, og har tidlegare vore operativ yrkesoffiser i Forsvaret, innkjøpssjef på skipsverft og dagleg leiar ved ein møbelfabrikk. Som forretningsutviklar legg han til rette for nye prosjekt og bedrifter, og vidareutviklar dei som allereie er godt i gang. Han er svært oppteken av vekst og forbetring, og likar å jobbe med å effektivisera produksjon og arbeid.

Frode er frå Øystese, og syns at lokal verdiskaping er livsviktig for regionen.

Yamen Bohsas

Prosjektmedarbeidar

Mobil: 925 06 972
yamen@hardangerhagen.no

Yamen er utdanna ingeniør frå Syria. Han har jobba innan både petroleums- og næringsmiddelindustri før han kom til Norge i 2015. Som ingeniør er han utan tvil den med best teknisk innsikt av oss, og han tek gladleg og engasjert djupdykk ned i kompliserte problemstillingar. Den siste tida har han teke kurs innan gründerverksemd og ysting for å kunne hjelpa til best mogeleg.

Yamen kan, i tillegg til norsk, arabisk. Dette gjer han ein unik ressurs for å hjelpa nye tilflyttarar frå utlandet å starta for seg sjølve.

Styret i Næringshagen i Hardanger

Styreleiar:  Gjermund Stuve.

Dagleg leiar, Norsk landbrukstenester Hordaland AS.

Styremedlem: Anne Marie Øvrevik.

Seniorrådgjevar for Azets Norge AS.

Styremedlem:  Jon Olav Heggseth.

Pensjonert lensmann. Ulvik (tidlegare var Natalia Golis styremedlem).

Styremedlem: Kristine Hesthamar.

Dagleg leiar, Ullensvang Næringsforum.

Styremedlem: Lars Audun T. Torvik.

Banksjef Norheimsund, Sparebanken Vest ASA.

Styremedlem: Leiv Vambheim.

Pensjonist, Eidfjord.

Styremedlem: Ulf Hustad.

Rådgivar, Siva SF.