Spørjeundersøking for næringsdrivande

25. november, 2020

Til næringsdrivande i Eidfjord, Kvam og Ulvik.

Spørjeundersøking om fylgjene av koronakrisa pr november 2020.

Link til undersøkinga: https://no.surveymonkey.com/r/GVBQ8D7

Kommunane i Eidfjord, Kvam og Ulvik, med Næringshagen i Hardanger som samarbeidspart, arbeider med å få oversikt over utfordringar i næringslivet pr november 2020.

Målsetjinga er å kunna koma med meir spissa informasjon og eventuelt målretta tiltak tilpassa verksemdene sine behov lokalt.

Det tek 4-5 minutt å svara, og me set stor pris på om du tek deg tid.

Alle svara vert handsama konfidensielt.

Takk for hjelpa!

Andre aktuelle saker

Heimekontor

Heimekontor

På grunn av covid-19 situasjonen i Kvam, vil Næringshagen i Hardanger no nytte heimekontor. Vi vert såleis ikkje tilstades på hverken på hovudkontoret i Kvam eller på utekontora i Ulvik og Eidfjord. Tiltaket gjeld i første omgang til og med 8. februar. Vi møter gjerne...

Pressemelding: Opprykk i tilskotsmodellen!

Pressemelding: Opprykk i tilskotsmodellen!

Som ein del av næringshageprogrammet til Siva får Næringshagen i Hardanger AS tilskot frå staten. Som «fersk» næringshage må ein jobbe seg opp med nok tilknytte bedrifter, og at det er rapportert tilstrekkeleg vekst og gode tilbakemeldingar frå dei bedriftene som får...

Medlemssamling i Strandebarm

Medlemssamling i Strandebarm

Onsdag 21. oktober hadde me eit kjekt og innhaldsrikt medlemsmøte i Strandebarm. Det var lagt til Ole Gjerde sin felemakarverkstad i gamle sløydsalen, og han innleia med det kloke ordtaket: «Ein har det aldri så travelt at ein ikkje har tid til ein hardingfeleslått!»...