Rettleiing

I ein verden som er i konstant endring står våre lokale bedrifter overfor økonomiske, organisatoriske, kompetansemessige og digitale utfordringar i fleng. I dette virvaret ynskjer Næringshagen i Hardanger å vera ein relevant sparringspartnar og rådgjevar.

Me støttar deg med å få til utvikling av di bedrift. Om det er ny forretningsidé, planlegging av utviklingsaktivitetar eller tilskots-/investorsøk, så kan me hjelpa. Me kan også bistå deg i arbeid med prosjektskildringar, strategiarbeid eller andre utfordringar du står overfor. Våre forretningsutviklarar kan jobba med bedrifta din i ein kort og intensiv periode, eller følgja bedrifta tett over i lengre tid. I arbeidet med di bedrift nyttast ofte verktøyet GrowthWheel® for å strukturera forretningsidè, kunder, organisasjon og drift. Det er ein visuell verktøykasse for oppstarts- og vekstselskap som hjelp deg med å ta vanskelege val og iverksetja tiltak.

Med å bli kunde (målbedrift) hjå oss får du:

  • Årleg oppfølging med faste gjennomgangar
  • Rabatt på ordinær timepris for bedriftsrådgjeving
  • Fast kontaktperson i Næringshagen
  • Kostnadsfri profilering i våre kanaler

I tillegg kan vi kopla deg opp mot et bredt spekter av andre lokale bedrifter, samt regionale og nasjonale forsknings- og utviklingsmiljø, kunnskapsmiljø og virkemidler for næringsutvikling.

Høyres dette ut som noko for deg?