Prosjekt

I arbeidslivet er det vanleg med prosjekt som arbeidsform. Enkelte nyttar definisjonen midlertidig organisasjon om eit prosjekt. Skal ein vera heilt presis seier ein gjerne at eit prosjekt er eit tiltak som har eit avgrensa omfang, og gjennomførast éin gong for å nå eit gitt mål innanfor ei gitt tids- og ressursramme.

Som lokal kompetansebedrift bidreg me ofte til ulike prosjekt. Dersom kunden ønskjer det, kan me ta på oss ansvaret for prosjektleiinga. Dette kan typisk vera ved etablering, marknadsendring, vidareutvikling eller andre tidsfasar av ei bedriftsutvikling. I tillegg skipar me eigne prosjekt, gjerne med fokus på kompetanse. Innhaldet i desse prosjekta kjem ofte i stand etter ønskjer frå våre lokale mål- og medlemsbedrifter etter kva dei treng. Me søkjer deretter offentlege midlar for prosjektet slik at det kan gjennomførast lokalt i regionen. Dette utgjer ei viktig kompetanseheving som er lett tilgjengeleg for bedriftene.

Her nokre av prosjekta som Næringshagen i Hardanger har vore engasjerte i:

Mathuset i Hardanger AS

Prosjektleiing for å få ny aktivitet til Meieriet-bygget i Øystese ved nedlegginga av produksjonen til Tine ASA. Skiping av nytt lokaleigd eigedomsselskap.

Hardangerfjord Adventure AS

Prosjektleiing for etablering av ribb-selskapet og aktivitetsselskapet Hardangerfjord Adventure.

Hardanger Bygdeysteri AS

Prosjektleiing for å få i stand nytt produksjonsselskap for ost i Hardanger.

Kvamskogen – Reiselivsutvikling på Kvamskogen

Leiing av forprosjekt på vegne av Kvamskogen næringslag «Utvikling av Kvamskogen som reiselivsprodukt og næringsveg».

BSF – Baltic Sea Food

Internasjonalt lokalmatprosjekt, med 10 andre land.

Gründerakademiet

Eit verktøy for etableraropplæring. Ein starthjelp for gründerspirer til å lukkast med realisering av sine forretningsidéar og bedrifter. 4 samlingar à 2 dagar gjennomført hausten 2019 og 2020.

Høyres dette ut som noko for deg? Har du ein prosjektidè som skulle vore gjennomført?