Pressemelding: Opprykk i tilskotsmodellen!

26. oktober, 2020

Som ein del av næringshageprogrammet til Siva får Næringshagen i Hardanger AS tilskot frå staten. Som «fersk» næringshage må ein jobbe seg opp med nok tilknytte bedrifter, og at det er rapportert tilstrekkeleg vekst og gode tilbakemeldingar frå dei bedriftene som får hjelp.

Til no har Næringshagen i Hardanger vore innplassert på først trinn i denne tilskotsmodellen. For 2020 betydde dette at ein fekk 1,4 MNOK i tilskot, men basert på årets revisjon gjennomført av Siva har me fått opprykk til neste nivå. For dei neste åra vil dette utgjere eit årleg tilskot på 1,8 MNOK. Dette vil i utgangspunktet vera gjeldande ut 2022. Likevel er det som alltid viktig å levere iht. krava, og det vil vurderast på nytt neste år for å sjå eit ein lev opp til dei ynskte effektane frå staten.

Her er det berre å stå på vidare og hjelpa lokale bedrifter med oppstart, verdiskaping og forbetringar. Me er svært nøgde med opprykket, og det auka tilskotet!

Les meir kva midlane går til her: Om Næringshagen.

Andre aktuelle saker

Opning av nye lokale

Opning av nye lokale

Me hadde ein flott opningsdag av dei nye lokala våre fredag 25. september. Direktøren for Siva, Ingrid Riddervold Lorange, stod for den offisielle snorklippinga, men det var svært hyggeleg besøk av både medlems- og målbedrifter, offentlege aktørar og lokalavisa...

Kurs: Sann forteljarglede!

Kurs: Sann forteljarglede!

I juni starta me eit spanande kurs i Eidfjord med teamet: «Sann forteljarglede! Korleis snu seg mot den norske turistmarknaden?» Ei stor takk til bidragsytarane Fjord Norge AS ved Britt Dalland, kunsthistorikar og formidlingsekspert Tommy Sørbø, samt skodespelarane...

NiH kontordag i Eidfjord

NiH kontordag i Eidfjord

Vekst og utvikling for næringslivet. Næringshagen i Hardanger vil ha faste kontordagar i Eidfjord.Ta kontakt med Kjersti Bjørke for meir informasjon om dato og klokkeslett.Kjerstie-post: kjersti@hardangerhagen.noMob: 41 33 95 79