Pressemelding: Opprykk i tilskotsmodellen!

26 oktober, 2020

Som ein del av næringshageprogrammet til Siva får Næringshagen i Hardanger AS tilskot frå staten. Som «fersk» næringshage må ein jobbe seg opp med nok tilknytte bedrifter, og at det er rapportert tilstrekkeleg vekst og gode tilbakemeldingar frå dei bedriftene som får hjelp.

Til no har Næringshagen i Hardanger vore innplassert på først trinn i denne tilskotsmodellen. For 2020 betydde dette at ein fekk 1,4 MNOK i tilskot, men basert på årets revisjon gjennomført av Siva har me fått opprykk til neste nivå. For dei neste åra vil dette utgjere eit årleg tilskot på 1,8 MNOK. Dette vil i utgangspunktet vera gjeldande ut 2022. Likevel er det som alltid viktig å levere iht. krava, og det vil vurderast på nytt neste år for å sjå eit ein lev opp til dei ynskte effektane frå staten.

Her er det berre å stå på vidare og hjelpa lokale bedrifter med oppstart, verdiskaping og forbetringar. Me er svært nøgde med opprykket, og det auka tilskotet!

Les meir kva midlane går til her: Om Næringshagen.

Andre aktuelle saker

Spørjeundersøking for næringsdrivande

Spørjeundersøking for næringsdrivande

Til næringsdrivande i Eidfjord, Kvam og Ulvik. Spørjeundersøking om fylgjene av koronakrisa pr november 2020. Link til undersøkinga: https://no.surveymonkey.com/r/GVBQ8D7 Kommunane i Eidfjord, Kvam og Ulvik, med Næringshagen i Hardanger som samarbeidspart, arbeider...

Medlemssamling i Strandebarm

Medlemssamling i Strandebarm

Onsdag 21. oktober hadde me eit kjekt og innhaldsrikt medlemsmøte i Strandebarm. Det var lagt til Ole Gjerde sin felemakarverkstad i gamle sløydsalen, og han innleia med det kloke ordtaket: «Ein har det aldri så travelt at ein ikkje har tid til ein hardingfeleslått!»...

Gründerakademiet 2020

Gründerakademiet 2020

Treng du hjelp til å komma i gang med idéen din eller di nyetablerte bedrift? Me har igjen hatt oppstart på grunderkurs for nyetablerarar i Hardanger som er komne i gong eller fortsatt er på idestadiet. I år er det 9 entusiastiske deltakara, og for etternølarar har vi...