Me hadde ein flott opningsdag av dei nye lokala våre fredag 25. september.

Direktøren for Siva, Ingrid Riddervold Lorange, stod for den offisielle snorklippinga, men det var svært hyggeleg besøk av både medlems- og målbedrifter, offentlege aktørar og lokalavisa Hordaland Folkeblad. Me syns det var veldig stas å kunne presentera dei nye lokala med flott dekor utført av kunstnar Lina Lyng. Dette vert ein inspirerande stad å jobba, og ikkje minst ein viktig møteplass for lokale bedrifter. Det er laga eit funksjonelt fellesrom, arbeidsbåsar for gruppearbeid, fleire gode rådgjevingskontor, to oppdaterte møterom og eit drop-in kontor som kan nyttast av folk med behov for det.

Velkomen innom for ein kikk og ein kopp kaffi.