Opning av nye lokale

14 oktober, 2020

Me hadde ein flott opningsdag av dei nye lokala våre fredag 25. september.

Direktøren for Siva, Ingrid Riddervold Lorange, stod for den offisielle snorklippinga, men det var svært hyggeleg besøk av både medlems- og målbedrifter, offentlege aktørar og lokalavisa Hordaland Folkeblad. Me syns det var veldig stas å kunne presentera dei nye lokala med flott dekor utført av kunstnar Lina Lyng. Dette vert ein inspirerande stad å jobba, og ikkje minst ein viktig møteplass for lokale bedrifter. Det er laga eit funksjonelt fellesrom, arbeidsbåsar for gruppearbeid, fleire gode rådgjevingskontor, to oppdaterte møterom og eit drop-in kontor som kan nyttast av folk med behov for det.

Velkomen innom for ein kikk og ein kopp kaffi.

Andre aktuelle saker

Spørjeundersøking for næringsdrivande

Spørjeundersøking for næringsdrivande

Til næringsdrivande i Eidfjord, Kvam og Ulvik.  Spørjeundersøking om fylgjene av koronakrisa pr november 2020.  Link til undersøkinga: https://no.surveymonkey.com/r/GVBQ8D7  Kommunane i Eidfjord, Kvam og Ulvik, med Næringshagen i Hardanger som samarbeidspart, arbeider...

Pressemelding: Opprykk i tilskotsmodellen!

Pressemelding: Opprykk i tilskotsmodellen!

Som ein del av næringshageprogrammet til Siva får Næringshagen i Hardanger AS tilskot frå staten. Som «fersk» næringshage må ein jobbe seg opp med nok tilknytte bedrifter, og at det er rapportert tilstrekkeleg vekst og gode tilbakemeldingar frå dei bedriftene som får...

Medlemssamling i Strandebarm

Medlemssamling i Strandebarm

Onsdag 21. oktober hadde me eit kjekt og innhaldsrikt medlemsmøte i Strandebarm. Det var lagt til Ole Gjerde sin felemakarverkstad i gamle sløydsalen, og han innleia med det kloke ordtaket: «Ein har det aldri så travelt at ein ikkje har tid til ein hardingfeleslått!»...