Om Næringshagen i  Hardanger

Næringshagen i Hardanger AS (NIH) er ein bedriftsrådgjevar med hovudkontor i Øystese, samt med eigne lokalkontor rundt i regionen. Me er ein naturleg partnar i lokal og regional næringsutvikling.

Som ein del av det statlege verkemiddelapparatet gjennom Siva, og deltakar i næringshageprogrammet, får me årlege utviklingsressursar slik at me kan tilby gode, rimelege og lokale rådgjevingstenester med folk som bryr seg og forstår dine utfordringar. Støtta frå Siva går indirekte til vekstbedrifter, såkalla målbedrifter, som vert tekne opp etter visse krav i næringshagen. Dei får avtale om rabatterte tenester som skal hjelper dei til å vekse og utvikle seg. Ei målbedrift må ha potensial og vilje til vekst og utvikling for næringshagen skal kunne hjelpe dei.

Næringshagen dekker eit breitt spekter av næringar i regionen gjennom sine målbedrifter og medlemsbedrifter. Ut frå naturgjevne føresetnader og næringsstruktur har NIH eit spesielt fokus på frukt- og bærsektoren, kortreist mat, service og reiseliv, men me jobbar like gjerne med industri, butikkverksemder, entreprenørar og alle andre aktuelle næringar. Av fellesaktivitetar arrangerer vi en rekke kurs, kompetansetiltak og medlemsmøter.

Gode møteplassar og nettverk er viktig for å dyrke samarbeidet som er heilt grunnleggande for å utvikle næringslivet på tvers av kommunegrenser og regionar. Næringshagen i Hardanger samarbeider tett med både næringshagane på Voss og i Ullensvang.

Kva er skilnaden på næringslag, næringsråd og ein næringshage?

Et lokalt næringslag er gjerne ein medlemsorganisasjon som jobbar for felles mål om bygde- og næringsutvikling. Det kan til dømes vera fellesreklame, skilting og fellesaktivitetar for å skape liv i lokal handelstand og næring.

Næringsråd er ein politisk medlemsorganisasjon som jobbar for å fremja private selskap sin tilhøve og forutsetningar. Det er til dømes uttal om reguleringsplanar og  vegprosjekt, men dei jobbar også for å styrke omdøme til lokal læring.

Ein næringshage er ei privat bedrift som jobbar som ein del av næringshageprogrammet for å styrka lokale selskap i distrikta, og bidra til vekst og utvikling gjennom å gje rimeleg lokal rådgjeving til både oppstartsselskap og etablerte bedrifter. Det skal også vere eit nettverk for kurs og kompetanse for både medlemer og målbedrifter.

Aksjonærar

Som privat bedrift er vårt eigarskap beståande av både offentlege og private aktørar:

Siva
​Sparebanken Vest
Kvam Næringsråd
Kvam herad
Norske Landbrukstenester Hordaland
​Næringshagen i Hardanger
Kjærtveit camping
​Eidfjord kommune
Vekstra Hardanger og Voss
Voss herad
Ullensvang kommune
​Ulvik herad
​Kvam Fruktlager
Nøring
​Øystese Næringslag

Siva – Selskapet for industrivekst

Eit statleg føretak etablert i 1968 som ein del av det næringsretta verkemiddelapparatet.

Føretaket utviklar, eig og finansierer ein nasjonal infrastruktur for innovasjon og næringsutvikling beståande av inkubatorar, næringshagar, katapult-sentre, innovasjonsselskap, samt innovasjonssentre og industribygg.

Siva-strukturen består for tida av 40 næringshagar, 33 inkubatorar, 5 katapult-sentre, 74 innovasjonsselskap, og 40 eigedomsselskap som samla er eig i over 100 eigedomar.