Nettverk

Me ønskjer å bidra til å skapa tillit, identifisera felles utfordringar og interesser, samt vera ein bidragsytar for at bedrifter skal sjå mogelegheitane for samarbeid. Dette kan me oppnå gjennom å dela kunnskap og erfaringar med andre bedrifter i utvikling.

Lokalt

Næringshagen i Hardanger har eit utstrekt nettverk i dei ulike private næringane på tvers av bransjar. Dette kan vere til nytte dersom du treng ein «døropnar» inn mot andre, men aller helst ynskjer me at flest mogelege brukar litt tid på treffa andre bedrifter. Dette får ein hjelp (òg litt press) gjennom å vera med på våre samlingar. Ofte inviterer me mål-/medlemsbedriftene med inn til andre i nettverket slik at ein får omvising og kjennskap til kva som ligg i lokalmiljøet. Det viser seg at mange har dei same problemstillingane, og då er det god hjelp å sjå andre sine løysingar og få innspel til eigen drift.

Næringshagen i Hardanger har god kommunikasjon med dei kommunale administrasjonane og lokalpolitikarar. Dei fleste lokale kommunane er deleigarar i aksjeselskapet, og ønskjer å fremma næringsutviklinga lokalt. Me har i tillegg tett kontakt med dei lokale næringslaga og næringsråda

Regionalt

Hardangerrådet iks – selskapet er interkommunalt og oppretta av kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik som eigarar. Hovudoppgåva er å styrkja regionen gjennom større grad av forpliktande samarbeid. Regionrådet er samansett av ordførarane i eigarkommunane med varaordførarane som personlege vararepresentantar. Det er høve til å møta i regionrådet med fullmakt frå kommunen/heradet.

Team Hardanger – næringsansvarleg i kvar lokale kommuneadministrasjon og dei regionale næringshagane. Administrasjon i Hardangerrådet er sekretariat.

Visit Hardanger – regionalt nivå for turist-/destinasjonskontorer

Innovasjon Norge Vestland – regionalt kontor som hjelp dei som skal etablere eller driv verksemd i Vestland. Dei tilbyr finansiering, rådgjeving og ei rekkje tenester som gjer det mogeleg å bygge ei betre bedrift, eller satse internasjonalt.

Sparebanken Vest ASA – Med sitt eigarskap som aksjonær i Næringshagen i Hardanger AS har SPV påverknad på strategiske val, men det er ikkje direkte kontakt i dagleg drift eller bindingar som utgjer noko konkurransemessige fordelar. Som stor finansaktør på Vestlandet er dei likevel ein naturleg del av det regionale nettverket rundt næringshagen.

Mohnsenteret i Bergen – Senteret for innovasjon og regional utvikling. Mohnsenteret ved Høgskulen på Vestlandet forskar på, underviser om og tilrettelegg for innovasjon og entreprenørskap.

Inunet – Inunet Vestland er eit innovasjonsnettverk som består av ni næringshagar, seks inkubatorar, Impact Hub Bergen, Innovasjon Norge Vestland og Vestland fylkeskommune.

Nasjonalt

Næringshagane i Norge – Felles nettverket av alle næringshagane i Norge. Dette gjev mogelegheitene til å få tips og innspel ògså frå andre regionar. Ein kan også få hjelp til å finne samarbeidspartnarar, forretningslokaler dersom ein ser på utviding av eige verksemd til nye områder.

www.nhnett.no

Siva – Selskapet for industrivekst – er eit statleg føretak som utvikler, eig og finansierer ein nasjonal infrastruktur for innovasjon og næringsutvikling som består av inkubatorar, næringshagar, katapultsentre, innovasjonsselskap, samt innovasjonssentre og industribygg. Gjennom vår deleigar SIVA har vi tilgang på nettverk og klynger i hele Norge.

www.siva.no

Siva i eit nøtteskal.  Ta eit 60 sekund krasjkurs om Siva si rolle og kva dei bidrar med.