Medlemssamling i Strandebarm

23. oktober, 2020

Onsdag 21. oktober hadde me eit kjekt og innhaldsrikt medlemsmøte i Strandebarm. Det var lagt til Ole Gjerde sin felemakarverkstad i gamle sløydsalen, og han innleia med det kloke ordtaket:

«Ein har det aldri så travelt at ein ikkje har tid til ein hardingfeleslått!»

Med dei kloke orda vart den lokale musikaren Arngunn Timenes Bell introdusert (sjå filmsnutt under).

Til lunsj fekk me skikkeleg god gryterett av Espen frå Barmen AS (inkl. grønsaker frå «Hagen på Nes»), og deretter vart det faglege programmet sett i gang. Det var spennande innlegg frå felemakar Ole Gjerde, hagegründer Kristine Moldenhauer Biseth, lokal tilretteleggjar og eldsjel Sverre Sørnes (og driftar av Strandebarm Sportell), og avslutningsvis innlegg og arbeidsoppgåver om sosiale media med markedsføringsgründer Eirin Pedersen.

Ta gjerne ein kikk på kva dei ulike jobbar med:

Musikar Arngunn Timenes Bell

Gjerde Felemakeri

Hagen på Nes

Strandebarm Sportell

@eirin__pedersen 

Og ikkje minst, sjekk samarbeidsprosjektet der Ole Gjerde er av initiativtakarane. Offensivt og framtidsretta har Ole deltatt i skipinga av ein internasjonal opplæringsportal for folkemusikk: The Folk Music Academy.

Andre aktuelle saker

Me møter deg der du er!

Me møter deg der du er!

Ynskjer du hjelp til bedriftsutvikling? Hjå oss får du inspirasjon, impulsar og ein høgkompetent, rådgjevande sparringspartnar innanfor samtlege foretaksøkonomiske fagområder. Døme er økonomistyring, strategi, forretningsutvikling, marknadsføring og kommunikasjon,...

Opning av nye lokale

Opning av nye lokale

Me hadde ein flott opningsdag av dei nye lokala våre fredag 25. september. Direktøren for Siva, Ingrid Riddervold Lorange, stod for den offisielle snorklippinga, men det var svært hyggeleg besøk av både medlems- og målbedrifter, offentlege aktørar og lokalavisa...

Kurs: Sann forteljarglede!

Kurs: Sann forteljarglede!

I juni starta me eit spanande kurs i Eidfjord med teamet: «Sann forteljarglede! Korleis snu seg mot den norske turistmarknaden?» Ei stor takk til bidragsytarane Fjord Norge AS ved Britt Dalland, kunsthistorikar og formidlingsekspert Tommy Sørbø, samt skodespelarane...