Onsdag 21. oktober hadde me eit kjekt og innhaldsrikt medlemsmøte i Strandebarm. Det var lagt til Ole Gjerde sin felemakarverkstad i gamle sløydsalen, og han innleia med det kloke ordtaket:
«Ein har det aldri så travelt at ein ikkje har tid til ein hardingfeleslått!»
Med dei kloke orda vart den lokale musikaren Arngunn Timenes Bell introdusert (sjå filmsnutt under).
Til lunsj fekk me skikkeleg god gryterett av Espen frå Barmen AS (inkl. grønsaker frå «Hagen på Nes»), og deretter vart det faglege programmet sett i gang. Det var spennande innlegg frå felemakar Ole Gjerde, hagegründer Kristine Moldenhauer Biseth, lokal tilretteleggjar og eldsjel Sverre Sørnes (og driftar av Strandebarm Sportell), og avslutningsvis innlegg og arbeidsoppgåver om sosiale media med markedsføringsgründer Eirin Pedersen.
Ta gjerne ein kikk på kva dei ulike jobbar med:
Og ikkje minst, sjekk samarbeidsprosjektet der Ole Gjerde er av initiativtakarane. Offensivt og framtidsretta har Ole deltatt i skipinga av ein internasjonal opplæringsportal for folkemusikk: The Folk Music Academy.