10. desember 2021 vedtok generalforsamlingane i Næringshagen på Voss og Næringshagen i Hardanger fusjonsplanen. Me vert difor eit endå større, meir slagkraftig og kompetent miljø frå og med 1.januar 2022.

 Me kan forsikra dykk at det blir like mykje (om ikkje meir!) lokalt fokus, og garantert eit betre regionalt tilbod. Gjennom eit samarbeidsprosjekt i snart to år, har me nemleg erfart at me kan få til større og betre arrangement, tilby tenestene våre til fleire og redusera mykje tid brukt på administrative oppgåver. Fusjonen formaliserer no desse prosessane til å verte eit varig samarbeid.

Me gler oss!