Ynskjer du hjelp til bedriftsutvikling?

Hjå oss får du inspirasjon, impulsar og ein høgkompetent, rådgjevande sparringspartnar innanfor samtlege foretaksøkonomiske fagområder. Døme er økonomistyring, strategi, forretningsutvikling, marknadsføring og kommunikasjon, organisasjonsinterne prosessar og prosjektleiing.

Me bryr oss om både deg og verksemda di, og har djup forståing og innsikt i både moglegheitene og utfordringane du står ovanfor. Dessutan kan me som ein del av næringshageprogrammet til Siva tilby gunstige, rabatterte konsulenttenester. Ta kontakt, så tek me ein uformell prat!

Næringshagen i Hardanger har hovudkontor i Øystese, samt med lokalkontor rundt regionen.

Øystese: kvar dag på Fruktlageret, Sjusetevegen 27.

Eidfjord: kvar torsdag på Sentrumstunet, Lægreidsvegen 2.

Ulvik: månadlege tysdagar på Gamle Handelslaget (Tyssevikvegen 9): 20. oktober, 24. november og 15. desember.

Strandebarm: Ved behov på Gamle Strandebarm skule (Strandebarmsvegen 367).