Kurs

I ein hektisk kvardag kan det vere vanskeleg å halde seg oppdatert på kompetanse. Vi set jamleg opp relevante undervisningsopplegg tilpassa det lokale næringslivet sine behov. Treng du fagleg påfyll?

Planlagde kurs:

Basiskurs i styrearbeid Øystese og Eidfjord

Dette kurset er for deg som er eigar, leiar eller styredeltakar som ynskjer å ha eit godt og verdiskapande styre. I kurset vil det vera gjennomgang av grunnleggande lovverkskrav samt innspel til nyttig og relevant informasjon for eit bevisst og velfungerande styre, litt om rollefordeling og styret sine ansvarsoppgåver.

Pris: kr 500 for medlemer kr 1000 for ikkje medlemer

Foredragshaldar: Kjersti Bjørke, Næringshagen i Hardanger

Velkomen!

https://hardangerhagen.no/arrangement/ 

Tidlegare kurs:

Digitalt kurs -Økonomi for ikkje-økonomar Modul 1 - 2 -3

Har du behov for å lære om budsjett, regnskap , årsoppgjør etc. på et enklere nivå? Næringshagene i Ullensvang, Voss og Hardanger lanserer sammen med Azets et tre moduls digitalt kurs i elementær økonomi for ikke økonomer. Hver modul er individuell, og man velger om man vil delta på en eller flere.

Modul 1: Økonomi for ikke økonomer – vil ta for seg:

  • Se på sammenhengen i økonomien
  • Hvor finner man igjen aktiviteten som har skjedd i løpet av perioden
  • Fra kostnad til vareproduksjon
  • Inntekt fra salg av varer og tjenester – balanseeffekter og likviditetseffekter
  • Nøkkeltall – hva kan være aktuelt å følge med på?
  • Kontostreng og oppfølging på prosjekt, avdeling eller annet
  • Årsoppgjør og likningspapir
  • Offentlig avgifter
  • Behov for tett likviditetsoppfølging
  • Presentasjon av Azets sitt e-accounting produkt som er tilpasset for gründere og små virksomheter.

Kurset er ikke satt opp som et webinar og du vil ha mulighet til å delta aktivt gjennom å stille spørsmål etc.

Man kan melde seg på flere moduler i samme link.

Datoene for kursene er satt til 04. (modul 1- Økonomi for ikke økonomer)- 11. (modul 2 – Regnskapsstyring)- og 18.februar (modul 3 – Økonomistyring i krisetider). Du finner informasjon om de to andre kursene under arrangementer. Man velger selv om man vil delta på et eller flere av kursene i serien.

Flytting av drift frå ENK til AS: fordeler, ulemper og kva må ein gjere
Kurs -Økonomi for ikkje-økonomar (korleis lese eit rekneskap)

Tema:

  1. Samanhengen i økonomien – kor ein finn igjen aktiviteten som har skjedd i perioden
  2. Behov for tett likviditetsoppfølging
  3. Nøkkeltal – kva kan vera aktuelt å følgje med på?
  4. Kontostreng og oppfølging på prosjekt, avdeling eller anna
  5. Årsoppgjer og likningspapir
  6. Offentlege avgifter
  7. Presentasjon av Azets sitt e-accounting produkt som høver for gründerar og små verksemder

 

Kurshaldar Anne Marie Øvrevik, Seniorrådgjevar AZETS

Kurs Øystese 20.januar 2021

Kurs Eidfjord 4. mars 2021

Gründerakademiet

Dei siste åra har vi undervist om etablering gjennom eit kursopplegg laga av vårt nasjonale nettverk med næringshagen «Fabrikken» frå Lofoten i spissen. Både i 2019 og 2020 hadde vi over ti deltakarar som gjennomførte kurset som er fordelt på 4 helgesamlingar.

SAMLING 1:
Drivkraft & ambisjon – Kunde & Marknad – Produkt – Inntening

SAMLING 2:
Kundereisa – Prosess & aktivitet i verksemda – Historieforteljing – Marknadsføring – Produktkalkyler & kostnadar

SAMLING 3:
Ulike budsjett – Bank- Finansiering og verkemiddelapparat – Handlingsplan

SAMLING 4:
Pitch, Strategi og styring – Oppsummering

Praktisk formidling

Vi stod som koordinator då ei rekkje reiselivsverksemder skipa eit eige formidlingskurs i 2020. Det var ei samling før sommarferien og ei på seinhausten. Temaet var: «Sann forteljarglede! Korleis snu seg mot den norske turistmarknaden?»

Dei som losa gruppa gjennom det meste var skodespelarane Gerald Pettersen og Hedvig Garshol. Dei utfordra gruppa med ei rekkje øvingar for praktisk trening og direkte tilbakemeldingar på deltakarane sine tekstar og framføringar. I tillegg var Fjord Norge AS ved Britt Dalland og kunsthistorikar/formidlingsekspert Tommy Sørbø med å bidra.

Smittevern

12. mars 2020 stengte Norge. 13. mai «opna vi» Kvam igjen og hadde eit felles lunsjmøte med smittevern i fokus i Holmatun. Bedriftshelse1 stod for det faglege innhaldet, og dei positive tilbakemeldingane gjorde at vi fortsette å gje dette som eit tilbod til resten av regionen. Etter det første lunsjmøte, vart det derfor ein liten turne for Bedriftshelse1 sine dyktige foredragshaldarar med smittevernskurs i Ulvik, Eidfjord, Kinsarvik, Odda og på Voss.

Medarbeidarsamtale

Medarbeidaren er den viktigaste ressursen for kvar bedrift. Som leiar har ein effekt på arbeidsgleda, trivsel, lojalitet og sjukefråver. Ofte har dei eit stort skjult potensiale som kan gjev meirverdi til eigen verksemd. Medarbeidarsamtalar er derfor eit viktig ledd i utviklinga og samarbeid for å bli betre kjend, skape forståing av roller og ansvar. Dette har vi hatt kurs om i 2017 og 2020, og som er relevant for både dagleg leiar, mellom-, prosjekt-, HMS- og personalleiarar.

Historieforteljing

Gjennom prosjektet Baltic Sea Food vart vi oppmerksame viktigheita av historeforteljing som verkemiddel. I januar 2020 gjennomførte vi i lag med målbedrifta HardangerSmak eit kort, men lærerikt dagskurs i Eidfjord om temaet.

Generasjonsskifte (fagseminar)

Dette er ein tematikk som ofte kjem opp. Kva må ein tenkje på dersom dagens eigarar ynskjer at verksemda skal overførast til neste generasjon? I 2019 arrangerte vi i lag med konsulentgiganten PricewaterhouseCoopers eit fagseminar om dette lokalt i Norheimsund. PwC Norge stilte med advokatane Gaute Lunestad og Aud-Marit Næss, og gjekk gjennom dei mest sentrale regelverka som gjer seg gjeldande i ein slik prosess. I tillegg trakk dei fram nokre førebuande grep som kan gjerast for å sikre eit strukturert generasjonsskifte, samt viste nokre konkrete dømer på korleis sjølve generasjonsskiftet kan gjennomførast.

Prosjektleiing

Både i 2017 og 2019 har det vore arrangert kurs i prosjektleiing. Det har vore skipa med relevant kompetanse frå Handelshøyskolen BI, men gjennomført lokalt slik at det har vore ressurssparande på deltakarane si tid. Spesielt har den lokale byggjebransjen tatt del i desse kursa, men det er sjølvsagt relevant for alle bransjar der ein jobbar med prosjektorganisert. Deltema på tidlegare kurs har vore: grunnleggjande prosjektforståing, prosjektplanlegging, leiing og styring av prosjekt og økonomistyring.

Styrekurs

Eit velfungerande styre skal rådgje eigarar og dagleg leiing, men òg staka ut strategien og følgje opp måla som er satt. Det er ein viktig funksjon der det alltid er lurt med god kompetanse. Vi har nytta både Handelshøyskolen BI og Styreakademiet ved Viktor Jensen til slik undervisning.

Truck-kurs

Fleire mål-/medlemsbedrifter meldte om at det var ønskje å få gjennomført kurs lokalt slik at ein slapp å sende tilsette til Bergen for å ta naudsynt opplæring.  I 2017 og 2018 vart det derfor skipa lokale kurs som la til rette med slik lokal opplæring. Det er ofte meir praktisk å hente ein kurshaldar enn å sende ei heil gruppe vekk på kurs. I tillegg kunne ein då få opplæring på utstyret ein faktisk brukte i kvardagen.

Service-kurs

Det har vore gjennomført kurs innan kundebehandling og serivce. Dette var ei relevant oppfrisking for alle som drive med tenesteyting eller sal der ein kommuniserer med kundar.

Sosiale medier

Det er eit stort fokus på  SoME (sosiale media), og det har vore gjennomført fleire kurs og workshops med dette som tema. Me har fått kurs og vegleiing av lokale kyndige krefter som er profesjonelle på dette, som Bukken AS og Glynt AS. For trening har ein gjerne nytta verksemdenes eigne mediakontoer slik at det vert eit konkret resultat av arbeidet i tillegg.