Gründerakademiet 2020

14. oktober, 2020

Treng du hjelp til å komma i gang med idéen din eller di nyetablerte bedrift?

Me har igjen hatt oppstart på grunderkurs for nyetablerarar i Hardanger som er komne i gong eller fortsatt er på idestadiet. I år er det 9 entusiastiske deltakara, og for etternølarar har vi fortsatt eit par plassar ledig.

Når ein etablerer eit nytt foratak, opplever dei fleste at det mange utfordringar; krevjande å få oversikt, relevant kontaktnett, korleis prioritere og kva må ein kunne utover eigne produkt/teneste? GRÜNDERAKADEMIET tek for seg dei mest aktuelle tema i tillegg til oversikt over verkemiddelapparat, finansieringsmoglegheiter og eige nettverk. Arbeidsformen med ei blanding av teori, innlegg, diskusjon, individuelt- og gruppearbeid.

Me ser fram til spanande møte mellom menneske; med innspel, arbeidsglede, entusiasme og kunnskapspåfyll i trygge rammer, som skal føra oss vidare!

Andre aktuelle saker

Deltidsstudie i Norheimsund og Odda

Deltidsstudie i Norheimsund og Odda

Arbeids- og organisasjons-psykologi. Til hausten ynsker Folkeuniversitetet å starte opp tilbodet Arbeids – og organisasjonspsykologi i Norheimsund og Odda. For meir informasjon Norheimsund:  Klipp på lekkjeFor meir informasjon Odda: Klikk på lekkje...

Ledig kontor på Fruktlageret

Ledig kontor på Fruktlageret

- eit iderikt å spennande miljø - Næringshagen i Hardanger flyttar i juli ned til nyoppussa lokale i 1. etasje på Fruktlageret.Vil du vere ein del av kontorfellesskapet har me fleire kontor ledig, både droppin og til permanent leige. Er du pendler og ynskjer ein dag...