Gründerakademiet 2020

14. oktober, 2020

Treng du hjelp til å komma i gang med idéen din eller di nyetablerte bedrift?

Me har igjen hatt oppstart på grunderkurs for nyetablerarar i Hardanger som er komne i gong eller fortsatt er på idestadiet. I år er det 9 entusiastiske deltakara, og for etternølarar har vi fortsatt eit par plassar ledig.

Når ein etablerer eit nytt foratak, opplever dei fleste at det mange utfordringar; krevjande å få oversikt, relevant kontaktnett, korleis prioritere og kva må ein kunne utover eigne produkt/teneste? GRÜNDERAKADEMIET tek for seg dei mest aktuelle tema i tillegg til oversikt over verkemiddelapparat, finansieringsmoglegheiter og eige nettverk. Arbeidsformen med ei blanding av teori, innlegg, diskusjon, individuelt- og gruppearbeid.

Me ser fram til spanande møte mellom menneske; med innspel, arbeidsglede, entusiasme og kunnskapspåfyll i trygge rammer, som skal føra oss vidare!

Andre aktuelle saker

Pressemelding: Opprykk i tilskotsmodellen!

Pressemelding: Opprykk i tilskotsmodellen!

Som ein del av næringshageprogrammet til Siva får Næringshagen i Hardanger AS tilskot frå staten. Som «fersk» næringshage må ein jobbe seg opp med nok tilknytte bedrifter, og at det er rapportert tilstrekkeleg vekst og gode tilbakemeldingar frå dei bedriftene som får...

Medlemssamling i Strandebarm

Medlemssamling i Strandebarm

Onsdag 21. oktober hadde me eit kjekt og innhaldsrikt medlemsmøte i Strandebarm. Det var lagt til Ole Gjerde sin felemakarverkstad i gamle sløydsalen, og han innleia med det kloke ordtaket: «Ein har det aldri så travelt at ein ikkje har tid til ein hardingfeleslått!»...

Me møter deg der du er!

Me møter deg der du er!

Ynskjer du hjelp til bedriftsutvikling? Hjå oss får du inspirasjon, impulsar og ein høgkompetent, rådgjevande sparringspartnar innanfor samtlege foretaksøkonomiske fagområder. Døme er økonomistyring, strategi, forretningsutvikling, marknadsføring og kommunikasjon,...