Velkomen til medlemssamling i Øystese!

 Overtek Holmatun: — Vil gje eit tilbod til ungdomen
1. desember er Morten Garen, Eirik Kvarv og Roger Vassnes klare for å overta stafettpinnen etter tidlegare eigar, Arne-Kristian Glück-Teigland.
Me har gleda av å invitere alle medlems/målbedrifter og samarbeidspartar til medlemssamling i Holmatun.
PROGRAM:

  • Lunsj med julesmak
  • Siste nytt frå næringshagen
  • Hels på dei nye eigarane i Holmatun, som fortel om sine framtidsplanar

TEMA for dagen:

Makerspace – ein møteplass for stimulering til kreativitet og nyskaping

( entreprørskap, nye bedrifter, innovere, oppfinningar ect.)

Næringshagen har som mål å hjelpe med utvikling, å skape vekst hjå bedrifter i Hardanger. Dette kan vere å kople ulike fag, nysgjerrige og kreative menneske og idear saman med tekniske løysingar og verktøy.

Utvikling av nye idéar er vesentleg for næringsutvikling enten det er etablerte verksemder som jobbar med dette sjølv eller om det er gründarar som kjem med innovasjonar. Det er ein del produktutvikling som skjer til dømes i industrien (som metall, møbel, kle), men etter kva næringshagen ser er det særdeles få lokale innovatørar som startar opp ei ny bedrift på bakgrunn av nye idéar. Me ynskjer å stimulere til nysgjerrigheit blant etablerte, nystartarar og ikkje minst ungdom. Me ynskjer fokus mot de digitale, men ser gjerne dette i kombinasjon mot tradisjonell industri og handverk.

Næringshagen mobiliserer for å få etablere ein slik møteplass i Kvam (i første omgang) – kall det gjerne ein skaparverkstad.  Kom på medlemsmøtet å høyre korleis me ynskjer å få dette til 😊

Me vil og inviterer samarbeidspartnarar i prosjektet til å delta.

Tid: Tysdag 7. desember, kl. 12.00 – 15.00.

Påmelding snarast:

Arrangementet er ferdig.

Dato

07 des 2021
Expired!

Tid

12:00 - 15:00

Stad

Holmatun
Øystese

Arrangør

Næringshagen i Hardanger
E-post
marita@hardangerhagen.no

Neste Arrangement